Seljord kommune
Seljord kommune ligg omlag midt imellom Oslo i aust og Haugesund i vest. Kommunen på 711 kvkm med omlag 3000 innbyggerar, er kjent for sitt rike kulturliv og vakker natur, som handelssenter i Vest-Telemark og eit blomstrande næringsliv. Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt for ekspressbussar og eit sentrum i utvikling. Formål med arkivplanenArkivplanen har som formål å vere eit redskap for sikring av ei forsvarleg arkivteneste i tråd med gjeldande lover og forskrifter. I tillegg skal arkivplanen vere eit hjelpemiddel for heile organisasjonen for å sikre ei rask og korrekt saksbehandlng og ein effektiv service. Arkivplanen vil vere ein oppdatert og lett tilgjengeleg informasjonsdatabase for saksbehandling og offentleg innsyn. Heimelsgrunnlaget for arkivplanenArkivplanen gjev bindande retningslinjer for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. I følge forskrift om offentlege arkiv av 11. desember 1998 § 2-2 skal alle offentlege organ ha ein ajourført samleplan som vert kalla arkivplan. Arkivplanen skal vise:
- Seljord kommune si historikk og organisering.
- Kva arkivet i Seljord kommune omfattar. Det vil seie kva slag papirbasert og elektronisk materiale som inngår i arkivet og kva gjenfinningsmidlar som er i bruk og har vore brukt.
- Korleis arkivet er organisert i Seljord kommune. Det vil seie korleis arkivmaterialet er ordna og strukturert og korleis det er oppstilt.
- Kva instruksar og reglar som gjeld for arkivarbeidet, det vil seie ei oversikt over gjeldande lover og regelver, samt interne instruksar og rutinar.
- Dokumentasjon for elektroniske register og databaser.
|